Reis kollektivt med FRAM

Informasjonen under er levert av vår samarbeidspartner FRAM

Velkommen som student i Ålesund – vi håpar du vil reise kollektivt!
I Møre og Romsdal er det FRAM som driv kollektivtrafikken. Vi ønsker alle velkommen om bord på våre bussar, hurtigbåtar og ferjer!

Slik finn du rutetider, prisar og anna informasjon om kollektivtilbodet
For å finne reiserute, rutetider og pris kan du bruke reiseplanleggaren på frammr.no og i mobilappen FRAM. frammr.no finn du òg mykje anna nyttig informasjon om å reise kollektivt, og FRAM kundesenter (telefon 71 28 01 00) kan hjelpe deg viss du har spørsmål.

Slik kan du kjøpe billett
Framdørene på bussane er for tida stengde av smittevernomsyn. Det er derfor ikkje mogleg å lese av billettane på billettlesaren framme i bussen eller kjøpe billett hos sjåføren. Dette betyr ikkje at det er gratis å ta buss, så her får du ei oversikt over korleis du kan kjøpe billett.

  • Du kan kjøpe alle typar billettar i FRAM-appen
  • Du kan kjøpe enkeltbillett via tekstmelding (SMS). Send ei melding til telefonnummer 1990 med ordet BUSS, eit mellomrom og beløpet du skal betale. Eksempel på tekst i sms’en: BUSS 37
    • Om du ikkje veit kva reisa di kostar, går du framover i bussen – men ikkje heilt inntil sjåføren – seier kvar du skal reise og så gir sjåføren deg prisen.
    • For at du skal kunne kjøpe billett via sms, må mobilabonnementet ditt vere opna for kjøp av innhaldstenester. Viss du ikkje har denne moglegheiten, må du kontakte mobilabonnementleverandøren din for å opne for dette.
  • Du kan bestille periodebillett frå FRAM Kundesenter (telefon 71 28 01 00).
  • Du kan kjøpe periodebillett eller enkeltbillett på ein av trafikkterminalane (Moa, Kristiansund, Molde).
  • Du kan kjøpe kombibillett for buss og hurtigbåt (periodebillett) i nettbutikken. Inntil vidare er moglegheiten for å kjøpe periodebillett berre for buss fjerna frå nettbutikken fordi det ikkje er mogleg å aktivere billetten om bord i bussane.


Korleis reise billegast mogleg viss du reiser ofte

Viss du reiser ofte (minimum 12 reiser per månad) vil det løne seg å kjøpe ein periodebillett som gjeld i 30 dagar. Då får du ein rabattert pris på reiser innanfor eit visst område eller for ei bestemt strekning.

  • FRAM Ung er eit svært gunstig produkt som kan brukast av alle under 25 år (fram til den dagen du fyller 25).  FRAM Ung kostar 500 kroner for 30 dagar og gir fri reise på buss, ferje og hurtigbåt over heile fylket, med unntak av natt- og flybuss.
  • FRAM Student er ein periodebillett for studentar opp til 30 år. Denne periodebilletten har same pris som FRAM Ung (kr. 500) og gjeld fri reise med buss, hurtigbåt og ferje i heile fylket, men berre i skoleåret. (Gjeld ikkje på natt- og flybuss.)
  • Skal du berre reise i eit avgrensa område, kan du kjøpe ein periodebillett for eit bestemt område eller ein strekningsbasert periodebillett. (I den fleste områda vil det likevel løne seg å kjøpe FRAM Ung eller FRAM Student viss du tilfredsstiller krava til dette.)
    • Områdebillettane har fast pris (vaksen/barn). Oversikt over kva område det finns Periodebillett område for og prisar finn du på frammr.no under Billettar >> Prisar.
    • Prisen på ein strekningsbasert periodebillett vil vere avhengig av strekninga du skal reise. Studentar får 40 % rabatt på strekningsbaserte periodebillettar. 
  • I Ålesund finns det og ein periodebillett for studentar til kr. 395 for 30 dagar.
    Denne billetten gjeld berre buss i sentrale Ålesund, Sula og Giske. (Gyldig frå Hessa og Skarbøvik i vest, til Magerholm og Glomset i aust, til Fremmerholen og Brusdalen, og til Taftesund på Ellingsøya.)


Gyldig studentbevis og kvittering for betalt semesteravgift må visast uoppfordra ved kjøp av billettar med studentrabatt.

Korleis reise billegast mogleg viss du reiser berre av og til
Viss du reiser så sjeldan at det ikkje løner seg å kjøpe periodebillett, er det enkeltbillettar som gjeld. Du kan kjøpe enkeltbillett i mobilappen FRAM, via SMS og på trafikkterminalane på Moa, i Molde og Kristiansund.

Får eg studentrabatt på enkeltbillett?
Ja, på lengre strekningar. Studentrabatt på enkeltbillettar gjeld frå seks soner og oppover.

Nattbuss og flybuss
Periodebillett kan ikkje nyttast på nattbussane. Du må kjøpe billett i mobilappen eller på bussen. Verdikort kan brukast.

Flybussane ligg ikkje under FRAM. Du må kjøpe billett via operatør eller om bord. 

Følg Møre og romsdal fylkeskommune på facebook