Velkommen til NTNU i Ålesund!

Velkommen til fadderuka 2024 og gratulerer med akseptert studieplass! Vi i Fadderordningen ved NTNU håper alle får en fantastisk start på studentlivet.

Kjære nye studenter!

Velkommen til NTNU, velkommen til Campus, og velkommen til studiebyen Ålesund!

Jeg er viserektor her og det er faktisk ikke så lenge siden jeg også var ny. Jeg hadde min første dag på NTNU som viserektor i mars. Det å være ny er litt skummelt, men mest spennende og gøy, synes jeg. Det kjekkeste med jobben er å få være på et så dynamisk sted som en campus er, og å få oppleve dere studenter så tett på.

Bruk mulighetene, bruk hverandre og ikke minst – ta vare på hverandre.

- Anne- Lise Sagen Major

Ikke bekymre deg, student!

Studieårene er en rutsjebane av eventyr og utfordringer, og vi i Sit står på hver dag for at du skal huske denne episke tiden som noe helt spesielt. Åh, de fantastiske årene! Selvfølgelig vil det være noen berg-og-dalbaner underveis, det er det for alle. Men du skal vite at vi i Sit er her for deg, klare til å slenge tjenester og tilbud etter deg - alt fra studentboliger, treningssenter og kantine til helsetilbud som samtaletjenester og kurs.

Så, lykke til med studiene, fantastiske student! Vi heier på deg, og vi er alltid her for å hjelpe deg med å gjøre disse årene minneverdige og helt utrolige.

Hilsen hele gjengen i Sit

Eksperter på studentlivet siden 1948

Kjøp av pensumbøker


Akademika har egen bokhandel for studentene ved campus i Ålesund, der du kan kjøpe lærebøker og annet utstyr du trenger til studiet ditt. Bokhandelen samarbeider med foreleserne og har oversikt over pensum for alle studiene, du er derfor sikker på å kjøpe de riktige bøkene, i riktig utgave. Akademika samler også bøkene til de fleste studiene i pensumpakker og gir deg en samlet rabattert pris på pakka. Å kjøpe pensumpakbe er både trygt og enkelt!

Akademika har også en app hvor du opparbeider deg rabatt på hver femte bok du kjøper (gjelder ikke pensumpakker, nye norske bøker eller allerede rabatterte bøker). I appen vil det i studieåret også være tilbud på skrivesaker og annet utstyr du trenger.

Hvordan reise i Ålesund?

Å reise kollektivt i Møre og Romsdal

FRAM tar deg dit du skal

Kollektivtilbodet i Møre og Romsdal er samla under merkenamnet FRAM.

FRAM sine billettar gjeld på det offentlege kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. Dei gjeld ikkje på flybussen i Ålesund, andre kommersielle busslinjer eller annan transport som ikkje er ein del av det offentlege tilbodet. 

Kor finn eg reiseinformasjon? 

For å finne reiserute, rutetider og pris kan du bruke reiseplanleggaren på nettsida frammr.no og i mobilappen FRAM (tilgjengeleg frå Apple Store og Google Play). 

På frammr.no finn du og mykje anna nyttig informasjon om å reise kollektivt. 

 

Korleis kjøper eg billett?

Du kan kjøpe alle typar billett i FRAM-appen, på trafikkterminalen på Moa og om bord på buss og hurtigbåt. I nettbutikken på frammr.no kan du kjøpe periodebillettar.

 

Kva kostar det å reise? 

På buss er minstepris per no (juni 2023) 41 kroner for vaksen (enkeltbillett). Dette er prisen for ei sone, og så aukar prisen for kvar sone du er innom. Hurtigbåtane har eigne takstar per strekning. Strekninga Ålesund-Moa er eksempelvis 2 sonar. (Men blir ei på slutten av 2023 eller i byrjinga av 2024, etter politisk vedtak.)

Ved kjøp av enkeltbillett om bord er det eit ombordtillegg på 20 kronar for vaksen og 10 kroner for studentar.

På ferje reiser du gratis viss du ikkje har bil. 

For meir prisinformasjon, sjå frammr.no

 

Kva er eit reisekort? 

Eit reisekort er eit plastkort i kredittkortformat som er eit alternativ til mobilappen. Du kan få reisekort på buss/hurtigbåt og på Moa trafikkterminal, Molde trafikkterminal, Kristiansund trafikkterminal eller på Furene (Vy Buss i Volda). 

På eit reisekort kan du legge alle typar periodebillett, inkludert FRAM Ung og FRAM Student.

Fram til 1. november kan du og legge pengar på eit reisekort og bruke denne verdien til å kjøpe enkeltbillettar med eller betale for periodebillettar. Denne moglegheiten forsvinn frå 1. november i samband med at FRAM skal over på nytt billettsystem. 

 

Korleis reiser eg billegast mogleg viss eg reiser ofte? 

Viss du reiser ofte (meir enn 12 gonger til minstepris i løpet av 30 dagar), vil det løne seg å kjøpe ein periodebillett for 30 dagar.

 

FRAM Ung og FRAM Student

FRAM Ung er ein periodebillett for ungdom og unge vaksne til og med 24 år, dvs. fram til den dagen du fyller 25 år. FRAM Student er ein periodebillett for studentar til og med 29 år, dvs. fram til den dagen du fyller 30 år. Begge desse billettane kostar 450 kroner for 30 dagar.

Du kan bruke desse billettane til å reise uavgrensa med offentleg buss og hurtigbåt i Møre og Romsdal, inkludert nattbussane til FRAM. Billetten gjeld i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller datoen frå billetten blir aktivert.

På frammr.no kan du lese meir om vilkåra for bruk av FRAM Ung og FRAM student.

 

Periodebillett område 30 dagar

Nokre stader i fylket finns det ein periodebillett for eit definert geografisk område. Denne typen periodebillett er berre tilgjengeleg for 30 dagar for vaksne og barn. 

Det finns ein periodebillett område for Ålesund, Giske, Sula. Denne billetten er gyldig frå Hessa og Skarbøvik i vest, til Magerholm og Glomset i aust, til Fremmerholen og Brusdalen, og til Taftesund på Ellingsøya. Denne billetten kostar per i dag 676 kroner for vaksen. 

 

Periodebillett sone (30 dagar, 7 dagar eller 24 timar)

Periodebillett sone er ein strekningsbasert periodebillett som er gyldig for eit uavgrensa tal reiser i den perioden billetten er kjøpt for, for dei sonene billetten gjeld for. Du kan få ein sonebasert periodebillett for 30 dagar, 7 dagar eller 24 timar, og billetten er tilgjengeleg for vaksen, barn og honnør. Prisen er avhengig av kor mange sonar du har valt.

 

Korleis reiser eg billegast mogeleg viss eg reiser berre av og til? 

Viss du reiser så sjeldan at det ikkje løner seg å kjøpe periodebillett, er det enkeltbillettar som gjeld. Du kan kjøpe enkeltbillett i FRAM-appen og om bord. Kjøper du enkeltbillett om bord, er det eit ombordtillegg på 20 kroner for vaksne og 10 kroner for studentar.

 

Gratis reisekort til studentar under 30 år som melder flytting til Ålesund

Er du student under 30 år og melder flytting til Ålesund kommune, kan du søke kommunen om gratis reisekort for skoleåret. Du må ha meldt flytting frå ein kommune utanfor Sunnmøre/Vestnes i Romsdal, til Ålesund kommune etter 1. mai i år-

Du finn meir informasjon om tilbodet om gratis reisekort til studentar på nettsidene til Ålesund kommune.